Flåm: Fellessauna - Kveldsro Aufguss Rituale 1t
Saunameisteren leier deg gjennom to aufgussrundar, der vatn med eteriske oljer blir helt på dei varme steinane før varmen blir spreidd rundt i saunaen med rytmiske viftebevegelsar. Roleg musikk set stemninga under ritualet. Mellom rundane kan du kjøle deg ned med friske bad i fjorden før du går tilbake til varmen.
Med maks 8 deltakarar er stemninga roleg og intim – ein fin måte å lande etter ein lang dag og finne ro før natta.
Handkle, sitjeunderlag og tilgang til kroppsskrubb er inkludert. Du treng inga tidlegare saunaerfaring.
Raske fakta
- Ritualet startar presis kl. 21.30, og vi ber difor om at du møter opp 10 minutt før. Opplevinga startar samla for heile gruppa, så gjester som kjem etter kl. 21.30 kan dessverre gå glipp av den første delen av ritualet.
- Varighet: 60 minutt inkludert to aufguss-rundar. Tiden inkluderer også skifting før/etter økta.
- Kapasitet: Opptil 8 gjester
- Minimumsalder: 12 år (under 18 år med vaksen). Familiar med born under 12 år kan bestille privat sauna.
- Stad: Kaiplass 10 & 11, Flåm hamn
- Våre flytande saunar ligg alltid til kai, og beveger seg med vatnet.
Inkludert
- 60 minutt inkludert to aufguss-rundar.
- Engangshandkle til å sitje på (obligatorisk)
- Handkle til å tørke seg med etter økta
- Kroppsskrubb
- Garderobe med omkledningsrom
- Velkomst og rettleiing frå Saunamester
Ta med
- Badetøy (påkrevd)
- Handkle er inkludert i rutale
- Drikkevatn (anbefalt)
- Pose til våte klede (anbefalt)
- La smykke liggje heime — dei blir varme
Ankomst
Du finn oss i Flåm hamn, kaiplass 10 & 11 — 5 minutt å gå frå sentrum (følg skilting til Flåm Marina). Betalt parkering i nærleiken. Ikkje parker hjå Flåm Marina & Apartments.
Saunareglar
- Sauna og bading skjer på eiga risiko
- Sitt alltid på engangshandkleet
- Bruk berre ferskvatn på saunaomnen
- Ingen alkohol er tillatt på denne økta.
- Glas er forbode — knust glas fører til stenging og bot på 3000 NOK
- Ta omsyn til andre
- Ver presis — 90 minutt inkluderer skifting
Klikk her for våre vanlege spørsmål (FAQ) og alt du treng å vite før besøket ditt hos FjordSauna.
- 8 personer
- Flåm
- 1 h
- Juni – august
- 8 personer
- Flåm
- 1 h
- Juni – august