Event: Pride Aufguss i Aurland - 1t
Kvar økt varer i 60 minutt og inneheld to aufguss-rundar. Aufguss er eit guida saunarituale der saunameisteren brukar isballar med eteriske oljer og vifteteknikkar for å spreie varme, duft og energi gjennom saunaen. Dette gir ei meir intens og engasjerande oppleving, der varme, musikk, duft og stemning spelar saman. Mellom rundane tek vi eit forfriskande bad i fjorden før vi går inn att i varmen.
Til Pride-Aufguss skrur vi opp stemninga med ikoniske Pride-anthems, høg energi og god atmosfære. Her kan du lene deg tilbake og nyte opplevinga – eller synge med dersom stemninga tek deg.
Tidspunkt
• 12:00–13:00
• 13:15–14:15
• 14:30–15:30
Inkluderer:
• Håndkle
• Sitteunderlag
Pris: kr 300,- per person. Maks 10 deltakarar per økt.
All inntekt går til organisasjonen bak Pride Aurland.
Ta gjerne på deg ditt mest fargerike badetøy og bli med på det som blir årets mest fargerike saunaoppleving!
- 10 personer
- 1 h
- Aurland
- 10 personer
- 1 h
- Aurland