Flåm

Sesongkort - 5 fellessauna-økter

Nykomaren – 5 klippFor deg som vil teste badstovelivet og unne deg nokre varme avbrekk i kvardagen.

Din billett til varme denne vinteren!
Når kulda bit, er det lite som slår ro, varme og fellesskap i ei badstove på fjorden. Med sesongkort får du enkel tilgang til fellessauna-økter frå 15. september til 15. mai – førehandsbetalt, fleksibelt og rimeleg.


Korleis fungerer det?

Sesongkort = 5 fellessauna-økter: Sesongkortet kan brukast på fellessauna på begge våre lokasjonar – både i Flåm og Aurland.


Gyldige datoar: Sesongkortet er gyldig frå 15. september 2025 til 15. mai 2026.


Fleksibel booking: Bruk øktene dine når som helst innanfor den gyldige perioden. FjordSauna Aurland er open tysdagar, torsdagar og laurdagar frå oktober til april. I Flåm er det ope kvar dag. Du må førehandsbestille gjennom vårt bookingsystem.


Booking

Kjøp sesongkort:

Etter kjøpet får du ein unik kode som du brukar til å bestille øktene dine. (klikk på "sjå billett" i stadfestinga for at din unike kode skal visast).


Bestill dine førehandsbetalte fellessauna-økter:

Klikk "Bestill her" på nettsida vår, deretter "Aurland: Fellessauna” /Flåm: fellessauna og velg ønska dato og tid. Skriv inn din unike kode i feltet “promokode”. Legg inn opplysningane dine for å fullføre bestillinga.


Reservasjonen trekkjer ei førehandsbetalt økt frå sesongkortet ditt utan at du blir belasta.


Vilkår

Gyldigheit: Sesongkortet er kun gyldig for dei oppgitte datoane (15. september 2025 - 15. mai 2026). Ubrukte økter vert ikkje refundert eller overførte etter 15. mai 2026. Kan brukast på alle typar fellessauna: Klassisk, stille og rituale – også på økter som eigentleg kostar meir.


Personleg kort - men no med fleksibilitet: Sesongkortet er for deg, men du kan dele ei økt med ein venn ved å bruke to klipp på same økt. Maks to klipp kan nyttast per økt.


Booking: Reservasjonar er avhengige av tilgjengelege plassar. Vi tilrår at du bestiller øktene dine på førehand. Avbestilling må gjerast minst 48 timar før planlagt økt; elles blir økta trekt frå sesongkortet ditt.


Ingen kontantverdi: Sesongkortet kan ikkje vekslast inn i pengar eller brukast saman med andre tilbod eller rabattar.

Attributter
  • 12 år +
  • 12 personer
  • Flåm
  • 1,5 h
  • Mai – september
  • Aurland
Attributter
  • 12 år +
  • 12 personer
  • Flåm
  • 1,5 h
  • Mai – september
  • Aurland