Aktivitet

Medlemskap

Bli FjordSauna-medlem! Som medlem får du medlemspris på sauna i Flåm og Aurland – heile året. Du betalar for kvar saunaøkt du bestiller, til gjeldande medlemspris.Medlemskapet er personleg og varer i 12 månader.

Personleg medlemskap

Medlemskapet er personleg og kan ikkje delast eller overførast. Medlemskoden kan berre brukast av personen medlemskapet er registrert på. Vi kan be om legitimasjon ved ankomst.


Alder

Du må vere 18 år eller eldre for å kjøpe og bruke medlemskapet.


Varigheit

Medlemskapet varer i 12 månader frå kjøpsdato og blir ikkje automatisk fornya. Etter 12 månader må du kjøpe nytt medlemskap dersom du ønskjer å halde fram.


Medlemsprisar

Medlemsprisane varierer etter sesong. FjordSauna kan justere prisar og sesongperiodar ved behov. Du får beskjed dersom det blir gjort endringar som påverkar medlemskapet ditt.


Bestilling og avbestilling

Avbestillingsfristen er 48 timar før økta. Etter fristen er det ingen refusjon og vi kan ikkje garantere endring. Medlemspris er personleg og kan ikkje overførast til andre.


Kva økter gjeld medlemsprisen for?

Du får medlemspris på Fellessauna, Fellessauna Stille, Felles Aufguss Rituale og Privat Sauna i både Flåm og Aurland. Pris og rabatt varierer etter sesong og type økt.


Kvar finn eg medlemskoden min?

Etter innmelding får du ein e-post frå oss. Klikk «Vis billetter» for å opne medlemskortet ditt. Medlemskoden står rett under QR-koden.


Bestill sauna med din rabattkode:

  1. Gå til fjordsauna.no, klikk «Bestill her» og vel økt, lokasjon og dato.
  2. Bruk medlemskoden. Klikk «Jeg har en kode» og legg inn medlemskoden din. Medlemsprisen blir lagt til automatisk. Merk at det kan komme eit mellomrom før/etter koden ved innliming som må fjernast for at koden skal fungere.
  3. Vel tidspunkt og fullfør bestillinga
  4. Nyt saunaøkta. Møt opp til bestilt tid (Aufguss Rituale - helst 10 minutt før). Hugs at medlemskapet er personleg. Vi kan be om legitimasjon ved ankomst.


Klikk for all informasjon og "ofte stilte spørsmål": https://www.fjordsauna.no/medlem